onsdag 19. mars 2014

Tysdag 18 Mars

I dag vart elevane hivne rett ut i arbeidslivet. Etter å ha prøvereist reiseruta si i går var det berre å stå opp i dag og reise ut i millionbyen. Det er ikkje fritt for at eg har kjent på sommarfuglar og undra meg på kor det gjekk. men telefonen var still og det tok eg som eit godt teikn. Dette vil de nok få vete meir om i morgon. For etter at arbeidsdagen var slutt i dag, for nokre ikkje før kl 17 bar det rett til Lyceum Theatre og The Lion King. Ei fantastisk oppleving:-) Og når vi no kom tilbake stupte alle rett i seng.

Elevane er plassert på ulike praksisplassar rundt i London. Nokre to og to, medan fleire er aleine. Reisetida varierer på 40-90 min, så det vert lange dagar
Vi bur på ein student heim, Stay Club. Det er små 1 roms leiligheter med kjøkkenkrok og bad og plass til to elevar i kvar.
Ganske så sentralt får vi vel seie det er, ca 25-30 min med undergrunnen til Oxford Street. Det er vel bra for det er vel eindel som skal handlast der før vi kjem heim.

Ingunn
 

1 kommentar:

  1. Jøss, det blir spennande å høye korleis dei har opplevd det ja. Reisetid på 1,5 t (kvar veg?) er jo mykje ja, men kan vere grei erfaring.

    SvarSlett