torsdag 20. mars 2014

Knights Court Nursing Home (Kristina)

Eg begynner på sjukeheimen min frå 09:00 til 17:00. Eg går 10 minutt frå der vi bur til undergrunnen eg tar, undergrunnen tar 30 minutt så tar eg ein buss som brukar 15 minutt til sjukeheimen. Eg er på ein institusjon med demente. Til no har eg vert med på å observere når brukaren har blitt stelt, og mata og sett korleis dei snakkar og kommuniserar med brukarane. Eg har også vert med på stell og mating av pasientane. Eg har blitt tatt godt imot av dei som jobbar der og dei aller fleste er hyggelege. Dei er veldig opptatt av hygiene på arbeidsplassen, likt med dei reglane som vi brukar i Norge. Nokon av dei er hardhente med pasientane når dei skal forflytte dei og stelle dei. Det er mykje servering av te og kaker. Melk i te fikk eg prøvd for første gang idag, noko som eg ikkje synest smakte noko godt.. Vanleg arbeidstid for dei som jobbar på sjukeheimar i London er 12 timar kvar dag. Dei ansatte er høflege i ordspråket, brukar mykje "sorry, please, dear, excuse me" Men kroppsspråket går ikkje heilt ilag, dei himlar ofte med augene og skiftar fort humøret til ein gretten og sur tone. Noko som eg oppfatta som falsk kommunikasjon med brukarane. .   






1 kommentar:

  1. Så mykje læring på ein dag Kristina :) er så imponert over dykk . GOd helg

    SvarSlett