torsdag 27. mars 2014

Praksisbesøk hos Kristina

Mandag var eg i praksisbesøk hos Kristina og endp ein gong var eg kasta ut i å finne fram, men jammen kom eg i mål.
Eg vart teken godt i mot av on duty Manager og ho hadde berre godord å seie om Kristina: Pliktopfyllande, flink med pasientane, initiativrik og god i engelsk. Gode i engelsk har vore gjennomgangsmelodien over alt, så det er berre å ta til seg.
Eg fekk spurd om mange ting, korleis institusjonen var organisert og dreven, tilgang på fagfolk osv.
Det ser ut som fagfolk er mangelvare. Mange vert tekne inn og lert opp til ulike arbeidsoppgåver. Denne institusjonen hadde oppgåver som tilsa at det skulle vere sjukepleiar på alle vakter, og for nokre vakter. Stor tsett er det 12 timars vakter, og det ønskjer dei fleste.Då jobbar dei i 4 dagar og så har dei fri ei stund. Det er 45t veke, litt meir enn turnusarbeidande heime som har 35,5. Men eg skjønner og at med dei pendlingsavstandane så vil dei vere på jobb ei stund når dei først kjem.
Knights Court Nursing Home er ein ettertrakta institusjon å komme til. Du kan søke sjølv og betale eller sosial servic kan søkje for deg dersom dei meiner du treng ein slik plass.Då betalar dei om du ikkje sjølv har midlar.
Her er litt bilder frå Kristina sin plass:

Kristina ønskjer velkommen
Hos frisøren
Velkommen:-)
Ofte lettare å peike enn forklare med ord

Pasientrom






 
 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar