lørdag 22. mars 2014

Besøk til praksisplassane

I dag og i går har eg vore på besøk på to praksisplassar. Hos Anna og hos Robin og Sarah. Det er spennande for meg og å sjå desse institusjonane og høyre korleis dei vert drevne.  Det første som sler meg er at det ikkje ser ut som ein institusjon men som ein heim. Der er fine ærverdige møblar, det er heimekosleg og til og med vegg til vegg tepper. Kanskje ikkje så hygienisk men typisk engelsk. Begge desse heimane er privat drevne, den eine med mykje støtte frå det offentlege medan den andre er pasientbetalt. Der betalar dei etter kva teneste dei har bruk for og får tildelt.                                     Begge husa er flotte boligar som tidlegare har vore eigd og bebudd av rike familiar.   Rundt husa var det fine hagar som innbyr til deilige sommardagar.
Det er interessant å høyre kva elevane fortel om dagane sine. Nokre opplevingar er skremmande og mange er fine. Dette gjev rom for mange refleksjonar om både haldningar og empati. Personalet som jobbar der er alt frå ufaglærde til "lærde" på ulikt nivå. Der er elevar og personar frå ulike land som ønskjer arbeidserfaring. 
Eg har blitt godt i motteken og personalet skryt av elevane vår:.høflege, interesserte, flinke med pasientane, gode haldningar og gode i engelsk :-) :-)
Gledar meg til fleire besøk neste veke. Ja kor blei denne veka av?? Ikkje veit eg. Det er i alefall ikkje kjedeleg i London.

I morgon er det laurdag: den store handledagen, men også ein soveframpåetterlengtadag for elevane:-)
                       

Kloke ord vi blei møtt av på Parkfield House

Drops høyrer med til ettermiddagsteen

Sjukepleiarane har eige rom

Fleire middagsrettar å velge mellom

Korridor med pasientrom

Desse kjøkkereglane tek eg med heim

Eit av pasientromma

Sarah og Robin på Parkfield House

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar