tirsdag 1. april 2014

Erfaringar frå London


2 veker i London har gått kjempefort men det er også veldig godt å være tilbake her i Norge. Vi har hatt to spennande og kjekke veker fylt med mange nye intrykk, opplevingar. Eg har i løpet av desse vekene fått sett store kulturforskjellar og opplevd ein heilt annan kultur. Som typisk for England var det mykje te!! På arbeidsplassen var det  berre nokre få pasientar på sjukheimen som drakk kaffi.
Vi hadde ein kjekk arbeidsplass og det var mange kjekke folk der. Det er likevel fått erfart store forskjellar frå norske sjukeheimar. Det gjeld spesielt hygiene og behandling av pasientane. Eg hadde forventa at det var betre hygiene enn det som fantast. Under stell brukte dei annaste hanskar under heile stellet. Men det var ikkje sånn at alle vaska seg før eller etter dei tok av seg hanskane. Nokre gikk frå stell av ein pasient og rett til ein ny pasient, annan utan å vaske seg, dei berre skifte hanskar. Dei hadde nokre spritt dispensera på sjukeheimen men dei blei brukt lite. Dei fleste var tomme og blei berre fylt opp sånn av og til. Eg har også erfart at dei har ein annan måte å behandla demente pasientar på.

Når det gjaldt utdanning av dei ansete på arbeidsplassen var det veldig forskjellig og ein det var ein del som ikkje hadde noko utdanning knytt til yrket. Dei ansatte som jobba der kunne til dømes være nokre som hadde hatt praksis der og så fått seg jobb.  Mange kunne få ein 3 månaders prøvetid for å sjå om dei var kvalifisert eller ikkje. Etter denne prøvetida kunne dei då få tilbod om fast jobb. Sjukeheimen hadde likevel krav til at det alltid var to sjukepleiarar på jobb heile tida.

Noko eg synst sjukeheimen der nede var veldig god på var å finne på aktivitetar og ilag med pasientane. Eg fikk nokre daga fått lov til å følgje eigne aktivitør på sjukeheimen, som driv å finner på aktivitetar med pasientane. Eine dagen på jobb hadde dei og møte med pasientane og diskuterte kva aktivitetar dei skal ha og kva turar dei skal reise på. På sjukeheimen har dei også eigen buss sånn at dei kan reise ulike plassar med nokre av pasientane. Ein dag fikk eg til dømes være med på biblioteket med 5 pasientar. Der hadde dei en koselig gruppe der dei satt sitter å las og diskuterte det dei leste. Det var også eit veldig god muligheit for dei gamle å bringe tilbake ting dei hadde opplevd i livet og korleis det var på den tida dei vakst opp. Såg ut som alle pasientane trivast og hadde det kjekt. Synst det er kjempebra at dei har så stor fokus på aktivitetar.

Det har vore kjekt tur men det var kjempegodt å få kome heim igjen og. Siste tida hadde eg veldig heimlengsle og det var veldig godt å komme heim til familie og venna!;) Eg lært masse gjennom praksisen og den har våre veldig lærerik. Det har noko eg og kan anbefale andre å prøve ut til neste år;)



Typiske fish and chips


Buckingham palace

På vei heim

Refleksjon over Londontur

Tida i London har vert minne- og lærerik. Turen har gitt meg forskjellige tankar og erfaringar som eg kan ta med meg vidare i livet. Eg har blitt tatt inn i og sett kvardagen på ein arbeidsdag i London. Dei som skal gå helsefagarbeidar til neste år håpar eg får oppleve det same som vi har gjort dei to vekene i London. Det er ei erfaring og oppleving som eg trur er bra å ha med seg vidare i livet.

Forventningane eg hadde til arbeidsplassen og turen var bl.a. at undergrunnen kom eg aldri til å lære meg og var spent på om eg kom til å lære meg systemet. Alt av transport, undergrunnen og buss gjekk kjempe fint. Første Måndagen fikk vi prøve oss på å finne fram til arbeidsplassen, eg hadde med meg Ingunn som forklarte kass ruter eg skulle følgje og stasjonar eg skulle gå av på. Eg fikk godt forklart på første turen som gjorde at eg fikk betre forståing av systemet. Den første dagen eg skulle reise på arbeidsplassen åleine var eg spent på om eg tok riktig undergrunn og endte opp på rett plass. Det gjekk kjempe bra. Eg hadde ikkje trudd at eg kom til å komme inn i systemet så fort, men med god opplæring kom eg fort inn i det. Forventningane til arbeidsplassen i London var at det kom til å bli brukt mykje 'sorry, excuse me, please og dear' i setningane, alle var høflege med kvarandre og kommunikasjonen var god mellom pasientane og dei som jobba der. Forventningane mine målte seg nokså likt. Dei ansatte kunne vere veldig hyggelege og bruke mykje 'sorry, please' osv.. men det var mest i dei tilfella når det var andre som jobbar,familie eller venner til stede. Det var ofte mangel på folk på avdelingane som ofte vart til at det kun var ein person som jobba der måtte gjere mykje sjølv. Då vart dei ulike oppgåvene fullført raskt, resultatet av det var ikkje bra. Det var mykje slurv i arbeidet, stellet vart fort gjennomført som gjorde at pasienten vart slengt frå side til side og det pasientane hadde å seie vart ikkje hørt i det heile. Dette synest eg var ei ekkel oppleving, men også lærerik. Det var eit eksempel på noko eg ikkje skal gjere i mitt arbeid. Det var også ein opp vekkjar på kor godt vi har det i Norge. Engelskmenn er veldig hyggelege og imøtekommande folk. Det er sjølvsakt nokon som ikkje er fullt så hyggelege og imøtekommande men sånne vil ein alltid finne. Dei tullar mykje og brukar ein del ironi. Det fleste tok meg godt imot og var kjempe koselege å prate med. Eg klare å snakke Engelsk på eit medium nivå, ikkje dårleg men ikkje kjempe bra heller. Eg fikk ikkje noko dårleg kritikk for engelsken min. Istaden for at dei lo eller var negative til engelsken min, prøvde dei å skjønne kva eg skulle fram til og hjelpe meg med engelsken. Nokre store forskjell eg merkar var kosthaldet. Det var ikkje noko fokus på sunn matpakke, her var det toast, chips, Coca cola og mykje feitt mat. Om dei skulle ete noko sunt var det salat, då vart det usunne heller prioritert. Det gjekk mykje i loff brød, knekkebrød var ikkje vanleg der nede. Sitat frå nokon på ein annan sjukeheim var at knekkebrød ( tatt med frå Norge) smakte baby-mat. I bussen, undergrunnen eller på gata var det ikkje unormalt å sjå nokon knaske på anten bolle eller chips. På sjukeheimen hadde dei eit stort kjøkken i øverste etasje. Der henta vi mat kvar dag, men også mykje te/kaffi med kake eller noko snacks. Det var mykje te som vart servert med ein godbit til dei eldre. Eg merkar det var ein del som ikkje hadde matlyst når vi skulle servere lunch ( grønsake, kjøtt/fisk, poteter ) Det trur eg kan ha litt med at dei får servert ein del småkaker og diverse snacks med tekoppen, som blir servert ofte. I gatene møter ein på mange ulike kulturar. På sjukeheimen var det også forskjellige pasientar med ulike kulturar. På den avdelinga eg var mest på var det ein som ikkje åt kjøtt. Familien hans leverte mat til sjukeheimen som dei ville at han skulle ete. Utdanninga i London er heilt annleis enn i Norge. Der kunne du bli ein helsefagarbeidar etter 6 mnd med kurs/skule. Og nokon med ingen spesiell utdanning innan helse. Det var også ein sjukepleiar på kvar avdeling.

-Kristina Holsen          

refleksjon av London tur

Forventningane eg hadde før eg reiste var faktisk at da skulle bli strengare der, meir hjelpemidla og strengare regelverk på hygiene. Det var det ikkje, eg kom til ein privat sjukeheim der det ikkje var så masse hjelpemiddel som eg er vandt med. På Seymour House var det svært få fagfolk, mange av dei som jobba der kom frå Romania og hadde ein heilt anna utdanning. Ingen hadde kvar sin rullestol eller elektronisk seng, slik vi har på sjukeheimane her. Rett og slett fordi dei ikkje hadde pengane til det. Det var minimalt med spritdispensera, det var mest nede i hovudetasjen. Her i Noreg har vi spritdispensera på kvart soverom, det var det ikkje på Seymour House.


Når eg reiste var eg veldig forberedt på at alle var hyggelige og hjelpsame, såg fort at dette forandra seg med eldre demente pasientar. Nokre pasientar kunne begynne å banne og bli sint, men dei fleste snakka gamal engelsk og var utruleg hyggeleg. Dei som jobba der var veldig imøtekommande og ga meg etter kvart fleire arbeidsoppgåver. Språket trudde eg kom til å bli ein vanskeleg del av opphaldet, men det var det ikkje. kommunikasjonen mellom pasient og arbeidarane gjekk veldig fint. Mesteparten av tida spelte eg spel, kommuniserte med pasientane og observerte kva arbeidarane gjorde. Ein pasient kunne sitte å seie at han trengte hjelp i opp til 30min før det skjedde noko, men stikk motsett om det var nokon på besøk til ein anna pasient eller noko. Då var dei der med ein gong, rekna med det var for å gje best mogleg inntrykk.



Eg trivast veldig godt på Seymour House, det var mykje å sette seg inn i og mykje forskjellar frå Noreg. Men det var veldig kjekt å få oppleve korleis det er å jobbe der i forskjell til her i Noreg. Så det er så absolutt anbefalt for dei som har søkt seg inn på helsefag til neste år. 

Speil, speil på veggen der, kom og les kva vi har opplevd her!


Ja då var ein tilbake i Norge igjen.

Når eg ser tilbake på desse to vekene som har vore, så kan eg ikkje anna enn kjenne på at det har vore ei fantastisk reise og oppleving, alt i frå å tilbringe to veker i London med verdas beste gjeng og det å få muligheten til å sjå korleis London er i forhold til Norge.

I forhold til neste år blir Leonardo prosjektet fortsatt lagt til London, då vi har skrive under ei to års kontrakt med ADC-college der, noko som definitivt er positivt for neste års kull, og som eg kan anbefale på det varmaste, vi har blitt godt mottatt og ivaretatt av både college og arbeidsgivar, og alltid fått den nødvendige rettleiinga og ikkje minst muligheten til å velge bort eller velge situasjonar ein kan oppleve som utfordrande.

Erfaringsmessig, vil eg seie at det har vore deilig å kunne bruke engelsk i to veker, kjenner meg eigentlig meir heime når eg snakkar engelsk, uvisst av kva grunn. Vi fikk og tidleg erfare at det var ganske ulike rutiner på ting, mykje grunna at ein ikkje kunne faget sitt godt nok kanskje, om eg skal trekke fram noko så var dei veldig gode på ergonomi og fokuset var høgt på at ein ikkje skulle pådra seg skadar på jobb.

Eg hadde eigentleg forventa meg at hygiene skulle vere endå strengare enn det var i Norge, men det virker som at det er motsett, nokon vaskar seg mellom pasientar, andre byter berre hanskar mellom pasientar og brukar stellefrakk, ein per pasient. Vaskefat kan godt brukast om att på same rom, utan nokon form for desinfeksjon mellom pasientar. Utover dette er ein veldig hardhendt med pasientane enkelte gonger, toleranse for ulik tempo i forbindelse med mat er veldig låg, ein kastar gjerne maten visst pasienten treng lengre tid.

Trivselen under turen var definitivt på topp, som sagt, det var ein kanongjeng som reiste fra flesland den 16/3 og kom att 29/3, definitivt ein positiv og sprudlande gjeng å reise med.

Når det gjeld ulikskapar kulturmessig så er jo både potetgull og te sentralt, te blir servert mange gonger i løpet av ei vakt, det er stort sett det som blir drukke der vi jobba.



Min refleksjon om London (Anna)

Det har vore ein fantastisk tur til London. No er vi alle godt planta på norsk jord, og tilbake på skulebenkane. Eg skal no fortelje litt om forventingane, erfaringane, trivselen og forskjellane vi blei møtt av i London.

Første dagen på arbeidsplassen min blei eg litt sjokkert av forskjellane. Det var uvant å komme til ein arbeidsplass med andre reglar og vanar enn i Norge. Eg hadde sett føre meg at det var veldig likt som Norge, noko som gjorde til at eg blei meir sjokkert. Det var ikkje like strengt på hygiena som i Norge. I Norge tar vi på ein ny stellefrakk for kvar pasient, vi spritar og vaskar hendene våre mykje meir, pasientane delar ikkje på barberhøvlar og body lotion. I Norge har vi smittevernlova. Smittevernlova har som formål å verne befolkninga mot smittsame sjukdomar. Den skal også hjelpe på å førebyggje smittsame sjukdomar. Behandlinga av pasientane var også annleis. Dei har ikkje lov å tvinge pasientane, slik som i Norge. Men eg fikk likevel eit inntrykk om at dette gjorde dei likevel. Eg opplevde ein gong at det var ein pasient som ikkje ville dusje, men likevel blei ho dratt med inn på badet mot hennar vilje. Til tross for dette blei eg og Iris frå dale tatt godt i mot av både pasientane og frå dei som arbeidar der. Når vi reiste heim igjen fekk vi eit fint kort der det stod helsingar frå dei forskjellige kollegaane. Vi fikk også eit bevis på at vi har arbeida der, og på toppen av kaka fekk vi 25 pund kvar. Så vi trur at dei likte oss godt!

Eg har skreve det før, og eg seier det igjen; Behandlinga av pasientane kom an på med kven eg jobbar med. Dette trur eg er fordi det var ikkje alle som hadde utdanning/kompetanse, og ikkje minst på grunn av haldningane. Og for dei som hadde utdanning var det berre ei kort utdanning, ikkje like lang som i Norge. Sjukepleiarutdanninga i England var vel på 6 mnd om eg hugsar rett, i Norge er den på tre år etter vidaregåande skule. Det var også ei som arbeidar der berre på grunn av pengane, ho måtte jo ha ei inntekt. Ho sa til meg at ho aldri hadde sett føre seg å arbeide på ein sjukeheim, og når ho begynte der åt ho ikkje mat på ei veke på grunn av matlysta.

Før eg reiste til London, så tenkte eg at det var ofte kaker og te, at pasientane var som Hyacinth Bucket frå "Høy på pæra." Men slik var det ikkje. Dei drakk te i London, som vi drikker kaffi her i Norge, og pasientane oppførte seg som demente pleier å gjere. Eg såg også at det var meir fleirkulturelt i London. Av dei ansatte, var det både folk frå Fillipinene, India, Pakistan, Polen, Jamaica og England. Det var også fleirkulturelt blandt pasientane; Fillipinene, Jamaica, Pakistan og Irak. Dette er noko Norge må bli betre på.

Men no føler eg at eg har skreve mykje negativt om arbeidsplassen min. Eg vil ikkje at du som lesar skal sitte igjen med eit inntrykk om berre dårlege hendelsar og vanar dei har. Fordi det var ikkje berre negativitet, vi koste oss mykje i lag med både pasientane og kollegaane. Det var veldig trist å reise, eg skal innrømme at eg felte ei tåre, og no når eg sitter å skrive om dette saknar eg alle saman. Det var ei fantastisk oppleving, og eg angrar ikkje eit sekund på at eg blei med. Eg føler eg sitter igjen med mykje meir kunnskap og erfaring enn før London. Denne arbeidsplassen kan lære noko av Norske sjukeheimar, men Norske sjukeheimar kan like godt lære noko av denne arbeidsplassen. Eg anbefalar alle som har ein sjangse til å bli med på noko sånt om å reise. Du kjem til å lære mykje!

Iris og meg + nokre av kollegaane. 

Min arbeidsplass.


-Anna

fredag 28. mars 2014

Praksisbesok hos Marita

Dette innlegget skriv eg paa engels tastatur. ser litt loye ut
Marita sitt praksisbesok var og mandag og kolliderte med Kristina sitt. Sidan Marita er saman med ei fraa Dale reiste lerer fraa Dale, Leikny dit.
Institusjonen saag velstelt og fin ut. 30-40 pas budde der. Dette og ein privatdreven institusjon.
Der er ikkje faglert arbeidskraft, berre kursa naar dei starta aa jobbe. Der er ikkje lege og sjukepleiarar, dei kjem bere paa tilkalling.
Pasientane er hovudsakleg demente og elevane har dreve med aktivitetar saman med dei.
Her som hos dei andre faar Marita og Victoria veldig gode tilbakemeldingar.
Paa denne plassen er det ikkje teppe paa golva. Det har det vore paa alle dei andre. Er glad det ikkje gaar an aa sjaa alt som lever I dei:-)  I det heile saa tenke eg at det er tungt aa drive reinhald for dei som har den jobben.

torsdag 27. mars 2014

Praksisbesøk hos Kristina

Mandag var eg i praksisbesøk hos Kristina og endp ein gong var eg kasta ut i å finne fram, men jammen kom eg i mål.
Eg vart teken godt i mot av on duty Manager og ho hadde berre godord å seie om Kristina: Pliktopfyllande, flink med pasientane, initiativrik og god i engelsk. Gode i engelsk har vore gjennomgangsmelodien over alt, så det er berre å ta til seg.
Eg fekk spurd om mange ting, korleis institusjonen var organisert og dreven, tilgang på fagfolk osv.
Det ser ut som fagfolk er mangelvare. Mange vert tekne inn og lert opp til ulike arbeidsoppgåver. Denne institusjonen hadde oppgåver som tilsa at det skulle vere sjukepleiar på alle vakter, og for nokre vakter. Stor tsett er det 12 timars vakter, og det ønskjer dei fleste.Då jobbar dei i 4 dagar og så har dei fri ei stund. Det er 45t veke, litt meir enn turnusarbeidande heime som har 35,5. Men eg skjønner og at med dei pendlingsavstandane så vil dei vere på jobb ei stund når dei først kjem.
Knights Court Nursing Home er ein ettertrakta institusjon å komme til. Du kan søke sjølv og betale eller sosial servic kan søkje for deg dersom dei meiner du treng ein slik plass.Då betalar dei om du ikkje sjølv har midlar.
Her er litt bilder frå Kristina sin plass:

Kristina ønskjer velkommen
Hos frisøren
Velkommen:-)
Ofte lettare å peike enn forklare med ord

Pasientrom






 
 

London with style.... og masse pengebruk :P

Mi oppleving av London er ganske positiv, dagane har jo gått ganske fort, sånn jobbmessig har eg hatt ein ansatt eg går med og følger gjennom ein heil arbeidsdag, i tillegg har det blitt ein del andre oppgaver som eg er forholdsvis kjent med fra før. Det er til dømes Mating, snakke med brukarane og assistering under stell.

Utafor jobb har det blitt veldig mykje reising, sjølve ruta til jobb er rundt 1t og 20min visst ein slepp å vente, med venting rundt 90min reisetid. Kollektivsystemet i bunn og grunn er eigentlig veldig komplisert og kan ofte føre deg på villspor. Til dømes at ein kjem seg til Ealing istadenfor til Hillingdon der arbeidsplassen er xD

Foruten shoppinga på lørdagen har eg eigentlig shoppa ganske mykje utenom, mest etter jobb, oxford street ein del gongar, Shepherd's bush der ein finn Westfield som er eit svært kjøpesenter, for å nemne nokre.

                                                   




                                                 

                                              - Skriven av  Robin Wilson -

Marita sin kvardag

Eg vart sjuk på fredag, så helga mi vart ikkje helt som planlagt.. Eg var med på litt handling laurdagen før eg måtte legge meg, fordi formen ikkje var heilt på topp. På søndag var vi på dei kjente turistattraksjonane der eg var slapp, men fekk heldigvis paracetta. Absolutt vert å vere med på det uansett form, utrulig kjekt og spennandes.
Denne veka var eg ikkje på jobb tysdag på grunn av forkjølelsen.
 Når eg kjem på jobb pleier eg å ha eit lite ansvar for frukosten når det kjem inn pasientar, eg gjer dei cornflakes, smørbrød og sjølvsagt tè.
                                                    Her er bilde av menyen. 

Dykk ser det kanskje ikkje så godt her, men det er oversikt over dagane, tidspunkt måltida er og kva det er.

Utover dagen spelar eg ulike brettspel, trenar med dei og har ein god dialog med pasientane. Når vi trenar kasta vi ball og løftar armar og bein opp og ned, dette gjer vi i underkant av 30min kvar dag. På slutten av arbeidsdagen lagar eg sandwich og fruktsalat som dei eter kl 17, når eg er ferdig for dagen. I dag måtte eg ta farvel med ein av pasientane som ikkje er der i morgon, på min siste dag. Det var faktisk ganske trist, vi har hatt god kontakt og gjort mykje på desse 10 dagane på jobb.

                                         Her er litt bilete inne på arbeidplassen min.  
              til høgre er gangen i underetasjen der det er kontor, lager og hår salong for pasientane.
                                                                                               
                               
  I hovudetasjen er det ei stove, eit stillerom, matsalen og kjøkkenet. på kjøkkenet kan du sjå at det er ganske normalt å lagre mat, i kjøleskapet er det blant anna opp til 10 brød.


dette blei sikkert eit veldig langt innlegg, men slik er vertfall arbeidsplassen min. :)

kjenner det blir godt og komme heim til familie og venner no, har hatt ein fantastisk tur med denne gjengen! :D



















Mi oppleving av London

Desse siste dagane i praksis har gått fort, til tross for heimlengsel. Saknar både famile og venner ( og grønnsaker og skikkeleg mat..)

På jobb har det gått omtrent i ett. Aktivitøren som eg var med i forje veke, hadde ferie denne veka, så det merkast at det er mindre liv i pasientane no som ho er vekke. Heldigvis har dei meg og Iris frå Dale som kan finne på ulike aktivitetar med dei. På onsdag hadde ein pasient bursdag, då hadde vi både kaker og brus klokka tre. Då jobba eg og Iris ein halvtime lengre enn vanleg, men det gjorde ingenting. Det var jo berre kjekt! Eg synast ikkje at det er like sjokkerande å jobbe der lenger. Dei er flinke med pasientane, men dei jobbar på ein anna måte enn i sjukeheimane i Norge.. Det kjem jo som sakt an på kven eg arbeidar med. Nokre er flinke, i menst nokon andre er ikkje like flinke. Det er ikkje alle som jobbar der som har utdanning/kompetanse. Eg har iallefall lært veldig mykje igjennom denne utplasseringa! Eg har fått sett forskjellane på sjukeheimane i Norge og London, samtidig så sitter eg igjen med mykje erfaring (eg har også fått shoppa alt for mykje...) Dette har vore ei kjekk oppleving, og eg anbefalar å delta på denne turen til neste kull!

Big ben.

Starbucks må til for å halde oss vakne.


Fin utsikt frå 2etg. buss

På veg heim frå jobb, i 2etg. buss.


Gjengen samla.

 -Anna

Siste veka..

Har gått foort! I morgon er det Fredag og siste dagen i Praksis. Desse 2 vekene i London har gått kjempe fort. Men kjenner at det skal bli godt å komme heim til si eiga seng og norsk mat! Kjenner eg er lei av Junk food, risbrød og halal skinke... Veret denne veka har ikkje vert så bra, det har vert ein del regn og kjølig temperatur. Ikkje feil å komme heim til sol i Norge!

Det har vert mykje inntrykk og nye ting å sette seg inn i og kjenner det begynner å ta på. Denne veka har det vert prioritert eting og soving kvar dag etter jobb. Sidan helga gjekk til shopping og utflukter, har det ikkje vert mykje tid til å slappe av. Eg merka eg har blitt betre kjent med pasientane, navnet til alle saman, kva dei likar å gjere, ulike metodar eg må bruke for å motivere dei til f.eks å ete eller gå. Denne veka har eg vert på ei avdeling, den første veka vart eg sendt rundt på forskjellige avdelingar noko som gjorde at eg ikkje rakk å bli kjendt med alle pasientane godt. Reisen til arbeidsplassen går bra, brukar litt meir enn ein time kvar vei. Eg har tatt litt bileter denne veka av avdelinga og kva eg gjer på, dei får eg i morgon og leggjer dei ut då. I morgon blir det spennande å sjå om eg får alt eg har kjøpt inni kofferten min,hehe..

Blir tvingt til dette kvar dag 

-Kristina

søndag 23. mars 2014

The London Dungeon

The London Deungeo er ein stor turistattraksjon i London. Det er ein utstilling med mange forferdelige hendelsar gjennom historia i London. Det blir presentert på ein morsom og skummel måte som gjer den veldig interessant å følgje med på. Den byr på blandt anna den store brannen i London, Jack the Ripper, Judgement Day, Torturkammeret, Henry VIII, Tower of London og Den franske revolusjon. 

I dag fekk vi gleda av å få oppleve dette! Mange var nervøse, men vi kom heldigvis trygt ut igjen! Det blei ikkje så mykje bilde av innsida sidan vi var for opptatte med å ikkje bli for skremt..


Vi fikk gleda av å halshogge lærarane våre (og Robin) :-))




-Kristina&Anna

Florence Nightingale museum

I dag har vi blant anna våre på Florence Nightingale museum som ligge nær Waterlue. Museet handlar om Florence Nightingale som regnast som forløpar for moderne sjukepleie. På den tida ho levde (1820-1910) var ikkje vanlig av velståande kvinner valte sjukepleiarar yrket. Florence gikk derimot imot det familien ville og blei stasjonert på eit felt sjukehus under  Krimkrigen.  Her jobba ho med å betre dei hygieniske forholda for soldatane under krigen. Ho blir kalla « Lady with the Lamp» og viste vei for sjukepleiarane i dag.

Statue av Florence
Inne på museet

Bilde som var på museet: Slik det var på sjukehusa då

Skadde frå krigen


Kampanje som var meint for å få fleire sjukepleiarar under krigen

Madame Tussaud

Det er mange millionar mennesker som har gått gjennom dørene på Madame Tussaud sidan dei først opna, som var over heile 200 år sidan. Det er fortsatt like populært. Dette er eit slags museum med mange vox-figurar av A-kjendisar som Brad Pitt, Justin Bieber, Orlando Bloom, Lady Gaga og mange andre. Det er ikkje berre A-kjendisar, men også sport legendar, politiske kjendisar og historiske ikon.

I dag har vi vore her og fått sett alt dette. Det blei tatt mykje bileter!
























-Kristina&Anna