torsdag 27. mars 2014

Mi oppleving av London

Desse siste dagane i praksis har gått fort, til tross for heimlengsel. Saknar både famile og venner ( og grønnsaker og skikkeleg mat..)

På jobb har det gått omtrent i ett. Aktivitøren som eg var med i forje veke, hadde ferie denne veka, så det merkast at det er mindre liv i pasientane no som ho er vekke. Heldigvis har dei meg og Iris frå Dale som kan finne på ulike aktivitetar med dei. På onsdag hadde ein pasient bursdag, då hadde vi både kaker og brus klokka tre. Då jobba eg og Iris ein halvtime lengre enn vanleg, men det gjorde ingenting. Det var jo berre kjekt! Eg synast ikkje at det er like sjokkerande å jobbe der lenger. Dei er flinke med pasientane, men dei jobbar på ein anna måte enn i sjukeheimane i Norge.. Det kjem jo som sakt an på kven eg arbeidar med. Nokre er flinke, i menst nokon andre er ikkje like flinke. Det er ikkje alle som jobbar der som har utdanning/kompetanse. Eg har iallefall lært veldig mykje igjennom denne utplasseringa! Eg har fått sett forskjellane på sjukeheimane i Norge og London, samtidig så sitter eg igjen med mykje erfaring (eg har også fått shoppa alt for mykje...) Dette har vore ei kjekk oppleving, og eg anbefalar å delta på denne turen til neste kull!

Big ben.

Starbucks må til for å halde oss vakne.


Fin utsikt frå 2etg. buss

På veg heim frå jobb, i 2etg. buss.


Gjengen samla.

 -Anna

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar