fredag 21. mars 2014

Sedra nursing home (Anna)

Sedra nursing home er ein sjukeheim som ligger i Gordon Road, Ealing, London. Reise tida mi frå der eg bur og der eg jobbar er på ca tre kvarter til ein time. Då tar eg ein undergrunn, og ein buss. Dagen min på Sedra nursing home startar klokka åtte, og sluttar klokka tre.

Dette er ein sjukeheim med berre demente, men det er stor forskjell på kor langt demensen til pasientane har komen. Nokre er svært demente, i menst hos andre er det berre litt forvirring. Det er ein fin sjukeheim, men den kan ikkje samanliknast med Norge sine sjukeheimar. For eksempel så er hygiena mykje strengare i Norge. Her delar dei bad, og om ein pasient er tom for barberhøvlar, så går dei inn til ein anna å lånar.. Men det blir vaska på sjukeheimen kvar dag, enten av sjukeheimen sin "handyman," eller av vaskedama på sjukeheimen. Maten pasientane får her er mykje betre enn i Norge. På denne sjukeheimen er det ein kokk/helsefagarbeidar frå Italia som lagar maten.

Forskjellen er så stor at på min første arbeidsdag blei eg veldig sjokka. Om ein passient blei aggresiv, så trua dei pasienten. Morgonstellet skulle gå fort, så dei pressa dei i maten og vaska dei i full fart. Måten dei behandla pasientane på blei heldigvis betre etter morgonstellet, då vi fant på ulike aktivitetar og kosar oss med te. Men det skal seiast at behanlinga av pasientane har mykje å seie på kven som jobbar. Det er nokre som ikkje er flinke med pasientane i det heile, i menst det er andre som er veldig flinke.

Det er både positive og negative ting med denne sjukeheimen. Men eg har iallefall sett at sjukeheimane i Norge er ikkje så gale som eg trudde.

Sedra Nursing Home.


Det lille pauserommet.


Her teiknar vi og gjer klart til happy mothersday.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar