torsdag 27. mars 2014

Siste veka..

Har gått foort! I morgon er det Fredag og siste dagen i Praksis. Desse 2 vekene i London har gått kjempe fort. Men kjenner at det skal bli godt å komme heim til si eiga seng og norsk mat! Kjenner eg er lei av Junk food, risbrød og halal skinke... Veret denne veka har ikkje vert så bra, det har vert ein del regn og kjølig temperatur. Ikkje feil å komme heim til sol i Norge!

Det har vert mykje inntrykk og nye ting å sette seg inn i og kjenner det begynner å ta på. Denne veka har det vert prioritert eting og soving kvar dag etter jobb. Sidan helga gjekk til shopping og utflukter, har det ikkje vert mykje tid til å slappe av. Eg merka eg har blitt betre kjent med pasientane, navnet til alle saman, kva dei likar å gjere, ulike metodar eg må bruke for å motivere dei til f.eks å ete eller gå. Denne veka har eg vert på ei avdeling, den første veka vart eg sendt rundt på forskjellige avdelingar noko som gjorde at eg ikkje rakk å bli kjendt med alle pasientane godt. Reisen til arbeidsplassen går bra, brukar litt meir enn ein time kvar vei. Eg har tatt litt bileter denne veka av avdelinga og kva eg gjer på, dei får eg i morgon og leggjer dei ut då. I morgon blir det spennande å sjå om eg får alt eg har kjøpt inni kofferten min,hehe..

Blir tvingt til dette kvar dag 

-Kristina

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar