lørdag 22. mars 2014

seymour house

seymour house er ein tre etasjers privat sjukeheim som ligger i Northwood, London. Styrt av bror og søster.  Reise tida mi frå der eg bur og der eg jobbar er på litt over ein time, Då tar eg to undergrunna. Arbeidsdagen min startar kl 09 og sluttar kl 17, så det er lange dagar.




 Dette er ein sjukeheim med berre demente, men det er forskjell på kor demente dei er. Nokre er svært demente, i menst hos andre er det berre litt forvirring. Det er ein fin sjukeheim, men den kan ikkje samanliknast med Norge sine sjukeheimar. For eksempel så er hygiena mykje strengare i Norge. Her delar dei bad, nokon er på størrelse med eit lite kott og det er ikkje sprit despensera over alt. Men det blir vaska på sjukeheimen kvar dag av vaskedama på sjukeheimen. Maten pasientane får her er mykje betre enn i Norge. På denne sjukeheimen er det ein kokk/ingeniør frå Romania som lagar maten. vart veldig sjokka første dagen, dei eter heile tida. lunchen her er meir som middag for oss. 

                         Her inne eter pasientane, det er ikkje vaktrom, så her må vi og ete. 

Eg merka fort at dei ignorera pasientane masse, dei ropa og seier dei treng hjelp. Det kan ta opp til ein time før dei faktisk tok pasienten på badet eller spørte kva pasienten ville. Men om ein pasient har besøk er det plutselig heilt noko anna å vere der, då får pasientane hjelp med ein gong. 

Men det er ikkje berre negativt på denne arbeidsplassen, dei er veldig flinke til å trene med pasientane, 30min kvar dag.
Det er både positive og negative ting med denne sjukeheimen. Men eg har iallefall sett at sjukeheimane i Norge er ikkje så gale. erfaringane etter denne turen kjem nok godt med seinare!

1 kommentar:

  1. Spennande erfaringar de får. Det verkar som om noko er betre enn i Noreg, medan andre ting ikkje er særleg bra i det heile. Er nokon av dykk på ein offentleg insitusjone, eller er de berre på private?

    SvarSlett