torsdag 20. mars 2014

Arbeidsplassen vår ;)


I dag skrive vi litt om arbeidsplassen til meg og Robin ;)

Vi jobba då på Parkfield nursing home. Sjukheimen ligg i Hillingdon ikkje so langt frå Uxbridge. 








Arbeidsplassen har 31 brukarar og 9 personale per dagvakt. Vaktene til dei ansatte er veldig lange og er frå 8 til 8. Det er likevel nokre som har utakk frå dette og jobbar kortare. Personallet jobbar då fire slike vakter kvar veke og har so tre dagar fri. Vi som eleva jobbar frå 07:45-15 kvar dag. Frå der vi bor er det 90 minutt å reise so det tar lang tid berre med reising.Vi må ta to tog og to bussar.

Alle pasientane her på sjukeheimen har ein eller anna form for demens. Det er likevel stor skilnad på kor langt sjukdommen har gått. Ein ser stor skilnad når det gjeld kor mykje dei klarer å ta vare på seg sjølv. Nokre klarer mykje og andre er heilt hjelpelause. Alt av behandlinga som blir gitt har som mål å gi brukaren betre livkvalitet.

Vi likar oss godt på arbeidsplassen og det veldig hyggelig ansatte :) :)
 
Robin og Sarah

1 kommentar:

  1. Oj - det var lang reiseveg! Korleis går det med språket? Klarer de å kommunisere med dei eldre?

    SvarSlett