mandag 17. mars 2014

Første dag i London

Dagen i dag vart brukt til å få informasjon om opplegget som ADC college har laga til oss. Vi fikk utdelt oysterkort (penga til transport) og mobiltelefonar. Så skulle vi finne vegen fram til dei ulike arbeidsplassane. Alle fant fram til slutt etter mykje fram og tilbake. No veit vi vegen til i morgon tidleg, trur vi..Heldigvis er engelskmenn veldig hyggelege og hjelpsame! Vi kom fort inn i systemet med under- og overgrunnen, det var lett å skjønne når vi først stod der.

Flott vèr, sol og 18 grade! På veg til undergrunnen.

Ein av mange undergrunnstasjonar.


Kristina er klar for å ta undergrunnen med storm..

Anna held godt rundt stanga når det ikkje er belte tilgjengeleg, flink jente.

Kristina nyter sola.

Kart, oyster, billett og pund klar til å brukast.

Marita var heldig med plasseringa av arbeidsplassen, den er nemleg i nærheten av Primark.


- Kristina, Marita og Anna 

4 kommentarer:

  1. Og her heime snøar det, blir nesten litt misunneleg ja!
    Blir spennande å høyre korleis første arbeidsdag har vore i morgon + evt få sjå litt blider derifra :-)

    SvarSlett
  2. Så spennande å følge dere :) lykke til alle saman. ....

    SvarSlett
  3. Det ser ut som de finn fram :-) Kva del av London bur de i? Og korleis er standarden på innkvarteringa? Lukke til i morgon!

    SvarSlett
    Svar
    1. Vi bur ca ein halvtime frå oxford street med undergrunn. Her vi bur er ikkje lik standaren som i oxford street. Liknar mykje på sydengater rundt oss synast eg.. Ein merkar at det blir finare og finare jo nærmare sentrum vi kjem. Men det er ikkje noko farleg gate vi bur i heller :-)

      Slett