tirsdag 1. april 2014

refleksjon av London tur

Forventningane eg hadde før eg reiste var faktisk at da skulle bli strengare der, meir hjelpemidla og strengare regelverk på hygiene. Det var det ikkje, eg kom til ein privat sjukeheim der det ikkje var så masse hjelpemiddel som eg er vandt med. På Seymour House var det svært få fagfolk, mange av dei som jobba der kom frå Romania og hadde ein heilt anna utdanning. Ingen hadde kvar sin rullestol eller elektronisk seng, slik vi har på sjukeheimane her. Rett og slett fordi dei ikkje hadde pengane til det. Det var minimalt med spritdispensera, det var mest nede i hovudetasjen. Her i Noreg har vi spritdispensera på kvart soverom, det var det ikkje på Seymour House.


Når eg reiste var eg veldig forberedt på at alle var hyggelige og hjelpsame, såg fort at dette forandra seg med eldre demente pasientar. Nokre pasientar kunne begynne å banne og bli sint, men dei fleste snakka gamal engelsk og var utruleg hyggeleg. Dei som jobba der var veldig imøtekommande og ga meg etter kvart fleire arbeidsoppgåver. Språket trudde eg kom til å bli ein vanskeleg del av opphaldet, men det var det ikkje. kommunikasjonen mellom pasient og arbeidarane gjekk veldig fint. Mesteparten av tida spelte eg spel, kommuniserte med pasientane og observerte kva arbeidarane gjorde. Ein pasient kunne sitte å seie at han trengte hjelp i opp til 30min før det skjedde noko, men stikk motsett om det var nokon på besøk til ein anna pasient eller noko. Då var dei der med ein gong, rekna med det var for å gje best mogleg inntrykk.



Eg trivast veldig godt på Seymour House, det var mykje å sette seg inn i og mykje forskjellar frå Noreg. Men det var veldig kjekt å få oppleve korleis det er å jobbe der i forskjell til her i Noreg. Så det er så absolutt anbefalt for dei som har søkt seg inn på helsefag til neste år. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar