tirsdag 1. april 2014

Refleksjon over Londontur

Tida i London har vert minne- og lærerik. Turen har gitt meg forskjellige tankar og erfaringar som eg kan ta med meg vidare i livet. Eg har blitt tatt inn i og sett kvardagen på ein arbeidsdag i London. Dei som skal gå helsefagarbeidar til neste år håpar eg får oppleve det same som vi har gjort dei to vekene i London. Det er ei erfaring og oppleving som eg trur er bra å ha med seg vidare i livet.

Forventningane eg hadde til arbeidsplassen og turen var bl.a. at undergrunnen kom eg aldri til å lære meg og var spent på om eg kom til å lære meg systemet. Alt av transport, undergrunnen og buss gjekk kjempe fint. Første Måndagen fikk vi prøve oss på å finne fram til arbeidsplassen, eg hadde med meg Ingunn som forklarte kass ruter eg skulle følgje og stasjonar eg skulle gå av på. Eg fikk godt forklart på første turen som gjorde at eg fikk betre forståing av systemet. Den første dagen eg skulle reise på arbeidsplassen åleine var eg spent på om eg tok riktig undergrunn og endte opp på rett plass. Det gjekk kjempe bra. Eg hadde ikkje trudd at eg kom til å komme inn i systemet så fort, men med god opplæring kom eg fort inn i det. Forventningane til arbeidsplassen i London var at det kom til å bli brukt mykje 'sorry, excuse me, please og dear' i setningane, alle var høflege med kvarandre og kommunikasjonen var god mellom pasientane og dei som jobba der. Forventningane mine målte seg nokså likt. Dei ansatte kunne vere veldig hyggelege og bruke mykje 'sorry, please' osv.. men det var mest i dei tilfella når det var andre som jobbar,familie eller venner til stede. Det var ofte mangel på folk på avdelingane som ofte vart til at det kun var ein person som jobba der måtte gjere mykje sjølv. Då vart dei ulike oppgåvene fullført raskt, resultatet av det var ikkje bra. Det var mykje slurv i arbeidet, stellet vart fort gjennomført som gjorde at pasienten vart slengt frå side til side og det pasientane hadde å seie vart ikkje hørt i det heile. Dette synest eg var ei ekkel oppleving, men også lærerik. Det var eit eksempel på noko eg ikkje skal gjere i mitt arbeid. Det var også ein opp vekkjar på kor godt vi har det i Norge. Engelskmenn er veldig hyggelege og imøtekommande folk. Det er sjølvsakt nokon som ikkje er fullt så hyggelege og imøtekommande men sånne vil ein alltid finne. Dei tullar mykje og brukar ein del ironi. Det fleste tok meg godt imot og var kjempe koselege å prate med. Eg klare å snakke Engelsk på eit medium nivå, ikkje dårleg men ikkje kjempe bra heller. Eg fikk ikkje noko dårleg kritikk for engelsken min. Istaden for at dei lo eller var negative til engelsken min, prøvde dei å skjønne kva eg skulle fram til og hjelpe meg med engelsken. Nokre store forskjell eg merkar var kosthaldet. Det var ikkje noko fokus på sunn matpakke, her var det toast, chips, Coca cola og mykje feitt mat. Om dei skulle ete noko sunt var det salat, då vart det usunne heller prioritert. Det gjekk mykje i loff brød, knekkebrød var ikkje vanleg der nede. Sitat frå nokon på ein annan sjukeheim var at knekkebrød ( tatt med frå Norge) smakte baby-mat. I bussen, undergrunnen eller på gata var det ikkje unormalt å sjå nokon knaske på anten bolle eller chips. På sjukeheimen hadde dei eit stort kjøkken i øverste etasje. Der henta vi mat kvar dag, men også mykje te/kaffi med kake eller noko snacks. Det var mykje te som vart servert med ein godbit til dei eldre. Eg merkar det var ein del som ikkje hadde matlyst når vi skulle servere lunch ( grønsake, kjøtt/fisk, poteter ) Det trur eg kan ha litt med at dei får servert ein del småkaker og diverse snacks med tekoppen, som blir servert ofte. I gatene møter ein på mange ulike kulturar. På sjukeheimen var det også forskjellige pasientar med ulike kulturar. På den avdelinga eg var mest på var det ein som ikkje åt kjøtt. Familien hans leverte mat til sjukeheimen som dei ville at han skulle ete. Utdanninga i London er heilt annleis enn i Norge. Der kunne du bli ein helsefagarbeidar etter 6 mnd med kurs/skule. Og nokon med ingen spesiell utdanning innan helse. Det var også ein sjukepleiar på kvar avdeling.

-Kristina Holsen          

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar