tirsdag 1. april 2014

Speil, speil på veggen der, kom og les kva vi har opplevd her!


Ja då var ein tilbake i Norge igjen.

Når eg ser tilbake på desse to vekene som har vore, så kan eg ikkje anna enn kjenne på at det har vore ei fantastisk reise og oppleving, alt i frå å tilbringe to veker i London med verdas beste gjeng og det å få muligheten til å sjå korleis London er i forhold til Norge.

I forhold til neste år blir Leonardo prosjektet fortsatt lagt til London, då vi har skrive under ei to års kontrakt med ADC-college der, noko som definitivt er positivt for neste års kull, og som eg kan anbefale på det varmaste, vi har blitt godt mottatt og ivaretatt av både college og arbeidsgivar, og alltid fått den nødvendige rettleiinga og ikkje minst muligheten til å velge bort eller velge situasjonar ein kan oppleve som utfordrande.

Erfaringsmessig, vil eg seie at det har vore deilig å kunne bruke engelsk i to veker, kjenner meg eigentlig meir heime når eg snakkar engelsk, uvisst av kva grunn. Vi fikk og tidleg erfare at det var ganske ulike rutiner på ting, mykje grunna at ein ikkje kunne faget sitt godt nok kanskje, om eg skal trekke fram noko så var dei veldig gode på ergonomi og fokuset var høgt på at ein ikkje skulle pådra seg skadar på jobb.

Eg hadde eigentleg forventa meg at hygiene skulle vere endå strengare enn det var i Norge, men det virker som at det er motsett, nokon vaskar seg mellom pasientar, andre byter berre hanskar mellom pasientar og brukar stellefrakk, ein per pasient. Vaskefat kan godt brukast om att på same rom, utan nokon form for desinfeksjon mellom pasientar. Utover dette er ein veldig hardhendt med pasientane enkelte gonger, toleranse for ulik tempo i forbindelse med mat er veldig låg, ein kastar gjerne maten visst pasienten treng lengre tid.

Trivselen under turen var definitivt på topp, som sagt, det var ein kanongjeng som reiste fra flesland den 16/3 og kom att 29/3, definitivt ein positiv og sprudlande gjeng å reise med.

Når det gjeld ulikskapar kulturmessig så er jo både potetgull og te sentralt, te blir servert mange gonger i løpet av ei vakt, det er stort sett det som blir drukke der vi jobba.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar