tirsdag 1. april 2014

Min refleksjon om London (Anna)

Det har vore ein fantastisk tur til London. No er vi alle godt planta på norsk jord, og tilbake på skulebenkane. Eg skal no fortelje litt om forventingane, erfaringane, trivselen og forskjellane vi blei møtt av i London.

Første dagen på arbeidsplassen min blei eg litt sjokkert av forskjellane. Det var uvant å komme til ein arbeidsplass med andre reglar og vanar enn i Norge. Eg hadde sett føre meg at det var veldig likt som Norge, noko som gjorde til at eg blei meir sjokkert. Det var ikkje like strengt på hygiena som i Norge. I Norge tar vi på ein ny stellefrakk for kvar pasient, vi spritar og vaskar hendene våre mykje meir, pasientane delar ikkje på barberhøvlar og body lotion. I Norge har vi smittevernlova. Smittevernlova har som formål å verne befolkninga mot smittsame sjukdomar. Den skal også hjelpe på å førebyggje smittsame sjukdomar. Behandlinga av pasientane var også annleis. Dei har ikkje lov å tvinge pasientane, slik som i Norge. Men eg fikk likevel eit inntrykk om at dette gjorde dei likevel. Eg opplevde ein gong at det var ein pasient som ikkje ville dusje, men likevel blei ho dratt med inn på badet mot hennar vilje. Til tross for dette blei eg og Iris frå dale tatt godt i mot av både pasientane og frå dei som arbeidar der. Når vi reiste heim igjen fekk vi eit fint kort der det stod helsingar frå dei forskjellige kollegaane. Vi fikk også eit bevis på at vi har arbeida der, og på toppen av kaka fekk vi 25 pund kvar. Så vi trur at dei likte oss godt!

Eg har skreve det før, og eg seier det igjen; Behandlinga av pasientane kom an på med kven eg jobbar med. Dette trur eg er fordi det var ikkje alle som hadde utdanning/kompetanse, og ikkje minst på grunn av haldningane. Og for dei som hadde utdanning var det berre ei kort utdanning, ikkje like lang som i Norge. Sjukepleiarutdanninga i England var vel på 6 mnd om eg hugsar rett, i Norge er den på tre år etter vidaregåande skule. Det var også ei som arbeidar der berre på grunn av pengane, ho måtte jo ha ei inntekt. Ho sa til meg at ho aldri hadde sett føre seg å arbeide på ein sjukeheim, og når ho begynte der åt ho ikkje mat på ei veke på grunn av matlysta.

Før eg reiste til London, så tenkte eg at det var ofte kaker og te, at pasientane var som Hyacinth Bucket frå "Høy på pæra." Men slik var det ikkje. Dei drakk te i London, som vi drikker kaffi her i Norge, og pasientane oppførte seg som demente pleier å gjere. Eg såg også at det var meir fleirkulturelt i London. Av dei ansatte, var det både folk frå Fillipinene, India, Pakistan, Polen, Jamaica og England. Det var også fleirkulturelt blandt pasientane; Fillipinene, Jamaica, Pakistan og Irak. Dette er noko Norge må bli betre på.

Men no føler eg at eg har skreve mykje negativt om arbeidsplassen min. Eg vil ikkje at du som lesar skal sitte igjen med eit inntrykk om berre dårlege hendelsar og vanar dei har. Fordi det var ikkje berre negativitet, vi koste oss mykje i lag med både pasientane og kollegaane. Det var veldig trist å reise, eg skal innrømme at eg felte ei tåre, og no når eg sitter å skrive om dette saknar eg alle saman. Det var ei fantastisk oppleving, og eg angrar ikkje eit sekund på at eg blei med. Eg føler eg sitter igjen med mykje meir kunnskap og erfaring enn før London. Denne arbeidsplassen kan lære noko av Norske sjukeheimar, men Norske sjukeheimar kan like godt lære noko av denne arbeidsplassen. Eg anbefalar alle som har ein sjangse til å bli med på noko sånt om å reise. Du kjem til å lære mykje!

Iris og meg + nokre av kollegaane. 

Min arbeidsplass.


-Anna

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar